mandag 10. mars 2008

Digital forteljing om språkleg påverknad

Klassen blei i veke 9 tildelt oppgåver som hadde med språk/globalisering å gjere. Guro og eg tok denne:

"Oppgåve 3 - Lag ei digital forteljing om korleis vi, kritisk eller ukritisk, forheld oss til utanlandske ord i kvardagen vår, anten det gjeld kommunikasjon, matrettar, datateknologi - eller noko anna i same gate som du kjem på sjølv. Finn din egen tittel."

Vi bestemte oss for å lage ein dokumentar om dette, med både bilete, film, lyd og musikk.
Slik blei resultatet:

mandag 3. mars 2008

Globalisering

Norsktimane dei siste vekene har vore svært interessante, synest eg. Vi har fått servert mange tankevekkjarar når det gjeld kor mange lånord og framandord vi faktisk har tatt inn språket sidan urnordisk var eit faktum. Nestan halvparten av orda vi brukar kjem opprinnelig frå lågtysk! Det visste eg ikkje frå før. Eg visste det var ein del, men ikkje så mange. Latin og fransk har også gitt mange bidrag til det norske språk, særlig framandord. No til dags er det stort sett engelsk vi får impulsar frå. Dei kjem i form av nye begrep vi ikkje har laga eigne, norske ord for. På Island gjer dei det. "Internett" blir til dømes "verdsveven(er det ikkje det heter på nynorsk også?)", "keyboard" til "nykkjelfjøl" eller noko i den duren. Eg skulle ønske vi ville gjere det i Noreg også. Eg synest eg har merka ei lita endring akkurat når det gjeld den politikken, det verkar på meg som om vi ikkje vil anglifiserast. Altså la engelske ord ta over våre eigne.