mandag 3. mars 2008
Globalisering
Norsktimane dei siste vekene har vore svært interessante, synest eg. Vi har fått servert mange tankevekkjarar når det gjeld kor mange lånord og framandord vi faktisk har tatt inn språket sidan urnordisk var eit faktum. Nestan halvparten av orda vi brukar kjem opprinnelig frå lågtysk! Det visste eg ikkje frå før. Eg visste det var ein del, men ikkje så mange. Latin og fransk har også gitt mange bidrag til det norske språk, særlig framandord. No til dags er det stort sett engelsk vi får impulsar frå. Dei kjem i form av nye begrep vi ikkje har laga eigne, norske ord for. På Island gjer dei det. "Internett" blir til dømes "verdsveven(er det ikkje det heter på nynorsk også?)", "keyboard" til "nykkjelfjøl" eller noko i den duren. Eg skulle ønske vi ville gjere det i Noreg også. Eg synest eg har merka ei lita endring akkurat når det gjeld den politikken, det verkar på meg som om vi ikkje vil anglifiserast. Altså la engelske ord ta over våre eigne.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Så bra at du har likt dette stoffet, eg tykkjer også det er interessant. Og det er som du seier, ikkje særleg mange ord som eigentleg er norske... Elles er det jo vi som språkbrukarar som må ta i bruk nye norske ord, og særleg de som er ungdom er jo viktige her!
Legg inn en kommentar